Oslofjord convention center.
lørdag 24.03.12
Lørdag 24.03 kl. 0600 presis starta ei nysgjerrig og spent, men litt trøytt gruppe frå Ølen vgs i skulens bil.
Fem ungdom med MOT og to leiarar sette kursen mot Stokke for å vere med på 24 timars jubileumsshow. MOT skulle feire 15 års jubileum.
Turen bort gjekk i eit aldeles nydeleg vårvêr, og Johannes og GPSen losa oss fint på plass. Klokka tolv var me framme. Då var det å sjekke inn og hente seg mat og finne bordet i den største konferansesalen eg har sett. Ølen vgs var plassert saman med MOT folk frå Etne og Haugaland vgs, så me følte oss heime med ein gong.











